nov 19

Mission accomplished

Da var hovedmålet med Norges-besøket utført. Tirsdag hadde jeg eksamen i hovedmål (bokmål) og kl. 1330 i dag var jeg ferdig med nynorsken. Det har gått over all forventning, jeg er faktisk så fornøyd at jeg velger å legge ut kåseriet jeg skreiv i dag til allmenn beskuelse på bloggen min. Oppgaven var å skrive et kåseri om fordommer. Les og bedøm selv!

 

Stogg innvandringa frå nord!

Altfor lenge har vi sete og sett passivt på at ein framand kultur har invadert vårt samfunn og undergrave vår særeigne kultur. Det er på tide å vakne. Vi må stogge framandinnvandringa!

Det har gådd fleire tiår sia dei fyrste nordlendingane kom til Sør-Norge. I byrjinga var dei få, og mange av oss var viljuge til å gje dei ei moglegheit til å tilpasse seg kulturen vår. Vi gav dei arbeid og bustad, og freista å gje dei innpass i samfunnet vårt. Men no kan vi sjå at dei, etter mange år, systematisk og medveten har stridd i mot og nekta å gje slepp på si eigen kultur.

Eitt døme på dette er korleis dei konsekvent held på sitt eige språk. Sjølv nordlendingar som har budd i hovudstaden i heile sitt vaksne liv snakkar framleis på morsmålet, og det nordnorske språket er eit av dei største trugsmåla mot våre kristne verdiar. Med bannskap og vulgære ytringar undergrev dei sentrale verdiar som høflegheit og respekt for andre. Når det norske rettssystemet frikjenner ein nordlending for å ha kalla ein politimann «hæstkuk» forstår vi alle at utviklinga har gådd for langt.

Eit anna døme på korleis denne segregeringa tek form er at mange nordlendingar giftar seg med folk fra same kultur og berre held seg med sine eigne. Eit godt tiltak mot dette kan vere å setje ei nedre aldergrense for giftarmål mellom unge menneske av nordnorsk opphav. Eit krav om at båe har fylt 24 år burde ikkje vere urimelig. Slik kan vi hindre at unge lukkejegerar inngår formaliaekteskap i si jakt etter rikdom og gode.

Vi må også stogge utviklinga der heile slekter og familiar, under dekke av å sameinast med eit familiemedlem, flytter sørover i jakt på vår rikdom. Staten må derfor stille krav til at den som allereie bur i Sør-Noreg har ei god inntekt og tidlegare lytefri åtferd. Berre slik kan vi stogge den ukontrollerte og stadig aukande innvandringa frå nord.

Dei nordnorske bryllaupsskikkane vekkjer avsky blant mange i den etnisk sørnorske befolkninga. Ikkje berre supar dei seg fulle på den framandkulturelle heimebrenten, men bryllaupsfeiringane deira ender oftast med store slagsmål mellom dei to slektene og ofte er det knivar eller farlege fiskereiskapar innblanda. Denne festkulturen gjev samfunnet betydelege kostnader, som sjølvsagt må betalast av lovlydige skattebetalerar frå Sør-Noreg, av di folk må på sjukehus og politiet må auke vernebuinga.

Og som om ikkje trugsmålet mot kulturen vår er nok; dei av nordlendingane som ikkje er arbeidslause og driv dank stjel jobbane våre. Trass i alle militærbasane i Nord-Noreg, sjølvsagt er også dei finansiert av sørnorske skatteyterar, så kjem nordlendingane og tek arbeidsplassar som etnisk sørnorske burde ha rett på.Og dei tek ikkje berre dei militære stillingane, så som på Rygge i Østfold og Magerø i Vestfold . nei, dei har frekkleikens nådegåve og tek vanlege jobbar som anleggsarbeidarar og bussjåførar. Dei vil ikkje ta til takke med å vaske doar på kjøpesenter. Neste gang du slår telefonnummeret til Telenor av di du ikkje kjem deg på verdsveva så kan ta deg fanden på at dataeksperten som svarar deg snakkar på eit sett så du ikkje forstår eit einaste ord av det ho seier.

Framandinnvandring fra nord er det største trugsmålet mot vår kultur, vår framtid og eit sivilisert samfunn. Om vi ikkje kjem med tiltak som stoggar dette åtaket, som skyljer innover oss som ein flodbølgje, vil velferdsstaten og dei kristne verdiane som samfunnet vårt byggjer på bryte saman. Noreg vil kollapse og den etnisk sørnorske befolkninga døy ut. Det er på tide å handle, og vi må gjera det no! Det står om framtida vår.

Sandefjord, 19. november 2009

© Jon Carlstedt Tønnessen

1 Kommentar

  1. Les hele bloggen, ganske bra

Skriv et svar